Frå urbane Günerløkka til eplehage på Børte

Hans Olav Børte bytta ut asfaltjungelen med blømande epletre og eit landleg liv.


Else Børte

Det er positive signaler til fruktnæringa frå sentrale hald for tida. Produksjonen har nå vekstpotensiale. Mange unge kjem heim og overtek gardar med frukt- og bærproduksjon. Ein av dei som ville teste ut dette livet i eitt år er Hans Olav Børte (36).

HENG DEG PÅ: Få gratis nyhetsbrev fra Kanalen

Etter 17 år i hovudstaden tok Hans Olav Børte seg eitt års permisjon frå Oslo-jobben for å lære om drifta på garden han voks opp på i Nome. Nå blir han verande. Han fekk mykje å setje seg inn i, men hadde heldigvis elementær kunnskap frå oppveksten på garden.

- Eg lærte litt av bestefar da eg var yngre. Han viste meg korleis eg skulle hauste epla. Dette er same teknikk eg lærer folk som jobbar hos oss i dag. Eg har trua på den, seier Hans Olav.



Moro når det er travelt
Hans Olav kjem frå ein av Børte-gardane. Der starta bestefar hans Gunnar Børte opp med epleproduksjon på 50-talet. Han forsørga seg også på korn og høns. Hans Olavs far Svein Børte overtok drifta og livnærte seg også ved å drive frukt- og bærpakkeri i fruktkommunen Sauherad. Nå har Hans Olav sjølv vore aktiv i drifta i eitt år og gjort seg opp nokre meiningar etter fjorårets innhausting.

– Det er viktig å hauste på rett tidspunkt. Ting må skje på rett tid. Det er moro når ein kan hauste frukter av arbeidet ein har heldt på med heile året, seier han.

BLI ABONNENT: Få gratis e-avis på kjøpet 

Rett inn i våronna
Da Hans Olav byrja på vidaregåande skule flytta han frå Børte til Skien. Deretter var han i militæret og Forsvaret. Etter det gjekk turen til Oslo. Der utdanna han seg til barnevernspedagog. Han jobba fleire år med rusrehabilitering i Tyrili-stiftinga. Etter dette jobba han på akuttinstitusjon for barn i barne- og familieeininga i Oslo kommune. Hans Olav fekk moglegheita til å ta eitt års permisjon frå stillinga si som miljøterapeut i 2018 for å jobbe på garden. Da flytta han til Børte.

– Eg kom rett til våronna. Det blei ei bratt læringskurve. Eg lærte mykje på kort tid av far min og dei andre som jobba med epleproduksjon på garden, seier Hans Olav.



Vatning redda eplehausten
Sommaren gjekk med til vedlikehald og trepleie i frukthagen. Dette er ein fulltidsjobb. I fjor blei det også utfordringar med uvanleg tørr sommar.

– Eplehausten redda seg fordi me vatna mykje. Vatnet hentar me frå Børtetjønna rett ved garden, seier Hans Olav. Av epleslag har garden hovudsakleg Rubinstep, som har ei sein innhausting. I tillegg finn ein Summerred, Julyred og Sunrise. Når det kjem til plommeslag er det fleire: Avalon, Opal, Reeves, Jubileum, Mallard, Valor og Victoria.

– Nokre av sortane er sjølvbestøvande, andre treng litt hjelp. Opal står til dømes innimellom dei andre trea for å bestøve, forklarar Hans Olav. Frå innhausting går det rett til nedkøyling og pakking på Telefrukt i Sauherad.

HENG DEG PÅ: Få gratis nyhetsbrev fra Kanalen

Vil satse på sider
Hans Olav ser lenger enn bare produksjon av eple og plomme. Nå vil han lage alkoholhaldig eplesider i lag med ein kompis som også flyttar heim frå Oslo. Dei håpar at produksjonen er oppe og går om eitt par år.

– Eg må lære meg mykje nytt der også. Eg har alt vore på kurs i Ulvik i Hardanger og i Balestrand, seier Hans Olav. Han fortel at sider er eit fullverdig supplement til måltidsopplevingar og er den raskast veksande produktsjangeren på Vinmonpolet. Sider ser alt ut til å trende i matbransjen. Etter eitt års drift er Hans Olav sikker og sel leilegheiten i Oslo. – Innan permisjonsåret var omme fann eg ut at dette var det rette for meg, så eg sa opp jobben i Oslo for å flytte til bygda på permanent basis. Eg likar å jakte og vera i skogen med bikkja, så nærleiken til naturen på Børte er ypparleg, konstanterer Nomes nye fuktprodusent.

For å bruke denne hjemmesiden må du samtykke til vår behandling av personopplysninger.
Les vår personvernerklæring og vårt cookie-varsel.

Ok