STASJONSVEGEN: Då krigen braut ut i Ukraina, måtte Kateryna Kinash og Anastasiia Balakina starte på nytt i Noreg. No har dei åpna eigen butikk.
Veronica Irmelin Ellingsen
Kateryna og Anastasiia har opna butikk i Bø
– Som kvinne har ein ofte mange ulike sosiale roller. Du skal vere syster, dotter, gå på jobb eller studere, og dersom du kjem frå eit anna land, krevst det kanskje tre gonger så mykje av deg. Av og til gløymer ein å tenkje på seg sjølv og kva draumar ein eigentleg har, seier Kateryna Kinash.