Roar Smukkestad
Hege Dorholt
Minner om at bålforbudet fortsatt gjelder i Nome
Bålforbodet i Nome og Midt-Telemark vart innført 16. juni, på same tid som i mange andre kommunar. No har nokre oppheva forbodet.
Fredag ettermiddag kom det melding om at brannsjefen i Grenland oppheva bålforbodet som vart innført 16. juni. Då kom det også forbod mot å tenne bål i skog og mark i Midt-Telemark og Nome.
Det vart innført forbod mot all bruk av open eld utandørs og i alle område nær brennbar vegetasjon. Bål omfattar i denne samanheng små kaffibål, bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff og alle typar grill. Grilling i eigen hage har vore lov, men ein må vere varsame.
– No har det kome litt regn, men det har ikkje kome ei rotbløyte, påpeikar leiar i beredskapsavdelinga i Nome og Midt-Telemark brann og redning, Roar Smukkestad.