Utsikt: Ann Cathrin koser seg med utsikten mot Norsjø fra terrassen på hytta.
Unni Buverud/Bø blad
Ved Norsjø har Ann Cathrin funne ferieparadiset sitt
Ein treng ikkje reise langt for å kome bort. I Midt-Telemark har me både fjell og vatn der me bur, og fleire innbyggjarar har hytter i nærområdet sitt. Ann Cathrin Haugland Andersen har hytte ved Norsjø. Den ligg ved Sannesøya, heilt nede ved vatnet nedanfor Norsjø Golfpark, og har flott utsikt mot vatnet, Kalvodde og området omkring.